Om oss

Forhandlar av Iveco og Fiat Professional

AS Autoservice

AS Autoservice ligg ved E39 i Kusslia, 7 km frå Førde sentrum mot Ålesund. Firma består av 8 tilsette.

Nøkkelområde

AS Autoservice vart etablert i 1966 og er forhandlar av Fiat og Iveco nyttekøyretøy.

Ved verkstaden utfører vi service og mekanisk reparasjon, 4-hjulskontroll, fabrikkoppdateringar, montering og kontroll fartsskriver alle vektklassar. Eu -kontroll opp til 7.500kg. AC-service, fukt og gass test m.m

På salssida fokuserer vi på vare og lastebilar. Her har vi det beste utvalet på marknaden og har i ei årrekkje vore marknadsleiande i klassane 3.500 til 7.500 kg. Vi har fortløpande demobilar inne for prøvekøyring.

Bubil spesialist

Dei siste 20 åra har vi opparbeidd oss ein stor kundekrets frå heile Vestlandet på service og mekanisk vedlikehald av bubilar.

Vi leverer også alt av tilbehør til bubil og eit variert utval av campingutstyr.

Historikk:

AS Autoservice: 50 år med italiensk lidenskap!

I 2016 fylte AS Autoservice 50 år. Dei er den eldste eksisterande Fiat- og Iveco-forhandlaren i Norge.

30. mars 1966 vart AS Autoservice stifta. Styret besto av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik, der Per sat med aksjemajoriteten. Før dette var Per i fire år salsrepresentant for Sindre Mekaniske verkstad i Florø, som selde Fiat. Per var “Fiat-entusiast”, og sa ikkje nei til å representere bilmerket i Førde. Dei bygde verkstad og bensinstasjon (BP) i Kusslid, ved Movatnet. I byrjinga selde ein Fiat-modellane 850, 11–13 og 1500. Første bilen dei selde var ein Fiat 850 med reg.nr. S-857, levert 24. november 1966 til Ragnar Berntsen i Naustdal. Dei to første driftsåra, 1966-67, selde dei 107 bilar. Etter kvart overtok AS Autoservice agenturet på Fiat.

I 1976 selde Asbjørn og Arthur seg ut. Bergljot Einevoll tok over aksjane til Asbjørn, og Per fekk hand om Arthur sine. Det vart ei familiebedrift, der mange familiemedlemer bidrog.

I 1983 kom Iveco på bana som sjølvstendig merke i Norge, og Autoservice byrja å forhandle desse.
I 2003 overtok Jorunn Einevoll, dotter til Per og Bergljot, og svogeren Per Seljeseth aksjar og drift av firmaet, med Jorunn som dagleg leiar. Per og Bergljot vart med vidare, som tilsette.

Utbygging og endringar

I 1973 vart lokala utvida grunna auka arbeidsmengd, med nytt bygg til opprettingsavdeling, og i 1984 utvida ein bygningsmassen: verkstad for lastebilar, nye kontor og kantine, og eit utvida delelager. I 2006 pussa dei opp. Det har og blitt endringar i drifta, mellom anna slutta dei med bensinstasjon, og i 2007 slutta dei også med bergingsbil.

Siste åra har vi solgt 50-60 bilar fordelt på nyttekøyretøy og bubilar. Mesteparten av nyttekøyretøya er skreddarsaum alt etter kunden sine ynskjer og behov.

Bubilar har AS Autoservice alltid reparert. Frå 2016 til 2025 var vi forhandlar av Pøssl og Sunliving.

Mykje har endra seg på vel 50 år. Men noko har alltid våre uforandra, AS Autoservice er særs gode på det dei driv med. Vi må heile tida tilpasse oss marknaden både når det gjeld nyttekøretøy og bubilar. Vi har alltid hatt fokus på kundane og har i alle år strekt oss langt for å vere tilstades for dei . Dette gjenspeglar seg i form av fleire utmerkelsar opp gjennom åra.

Det kan blant anna nemnast «årets forhandlar» i 1990, 2016, 2020 og sist for 2025. Dette er den høgste utmerkinga ein kan oppnå i Iveco konsernet og synleggjer hardt arbeid og utmerka service frå alle tilsette i bedrifta gjennom ei årrekke.

Autoservice kring 1973

Tilsette året 1984

Autoservice i 1984

Kontakt oss

Besøk oss på adr: Jølstravegen 40, 6819 Førde
eller ring oss på Tlf: 57 83 38 80

Send oss ei melding



    Tilsette:

    Jorunn Einevoll

    Dagleg leiar / kundemottak / delelager
    Telefon: 57 83 38 80
    Mobil: 901 85 633
    jorunn.einevoll@as-autoservice.no

    Per Seljeseth

    Salsrepresentant
    Telefon: 57 83 38 88
    Mobil: 951 600 33
    per.seljeseth@as-autoservice.no

    Odd Rune Vee

    Teknisk leiar
    Telefon: 57 83 38 92
    odd-rune.vee@as-autoservice.no

    Andre Hamn

    Mekanikar
    firmapost@as-autoservice.no

    Saulius Butrimavicius

    Mekanikar
    firmapost@as-autoservice.no

    Bjarte Nordnes

    Kundemottak
    Telefon: 57 83 38 82
    bjarte.nordnes@as-autoservice.no

    Maksym Markitanov

    Mekanikar
    firmapost@as-autoservice.no

    Terje Dvergsdal

    Deleansvarleg
    Telefon: 57 83 38 93
    terje.dvergsdal@as-autoservice.no