AS Autoservice:
50 år med italiensk lidenskap!

I 2016 fylte AS Autoservice 50 år. Dei er den eldste eksisterande Fiat- og Iveco-forhandlaren i Norge.

30. mars 1966 vart AS Autoservice stifta. Styret besto av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik, der Per sat med aksjemajoriteten. Før dette var Per i fire år salsrepresentant for Sindre Mekaniske verkstad i Florø, som selde Fiat. Per var “Fiat-entusiast”, og sa ikkje nei til å representere bilmerket i Førde. Dei bygde verkstad og bensinstasjon (BP) i Kusslid, ved Movatnet. I byrjinga selde ein Fiat-modellane 850, 11–13 og 1500. Første bilen dei selde var ein Fiat 850 med reg.nr. S-857, levert 24. november 1966 til Ragnar Berntsen i Naustdal. Dei to første driftsåra, 1966-67, selde dei 107 bilar. Etter kvart overtok AS Autoservice agenturet på Fiat.
I 1976 selde Asbjørn og Arthur seg ut. Bergljot Einevoll tok over aksjane til Asbjørn, og Per fekk hand om Arthur sine. Det vart ei familiebedrift, der mange familiemedlemer bidrog.
I 1983 kom Iveco på bana som sjølvstendig merke i Norge, og Autoservice byrja å forhandle desse.
I 2003 overtok Jorunn Einevoll, dotter til Per og Bergljot, og svogeren Per Seljeseth aksjar og drift av firmaet, med Jorunn som dagleg leiar. Per og Bergljot vart med vidare, som tilsette.

Utbygging og endringar

I 1973 vart lokala utvida grunna auka arbeidsmengd, med nytt bygg til opprettingsavdeling, og i 1984 utvida ein bygningsmassen: verkstad for lastebilar, nye kontor og kantine, og eit utvida delelager. I 2006 pussa dei opp. Det har og blitt endringar i drifta, mellom anna slutta dei med bensinstasjon, og i 2007 slutta dei også med bergingsbil.
– Bergingsbil var viktig, men om vi skulle halde fram måtte vi ha investert i nye bilar, i ein tøff marknad. Vi nytta mekanikarar som sjåførar, men det var hardt å planlegge verkstaddrifta. På oppdrag langt unna kunne ein mekanikar vere vekke ein dag, fortel Per Seljeseth, salsrepresentant i bedrifta.
– Far tok bergingsoppdraga på dagtid, men når han gav seg valte vi å fokusere på sal av køyretøy og verkstaddrift, seier Jorunn.
Tal tilsette, som hadde vakse frå 4 til 15, stabiliserte seg til dagens nivå, med 12 tilsette.
– Ei naturleg justering. Før dreiv vi i tillegg til sal av køyretøy og verkstaddrift, bensinstasjon, lakkeringsverkstad og bilberging og bygde lasteplan og kranar på lastebilar. Det har vi sett vekk no, seier Per, og fortel at dei har hatt særs stabil arbeidsstokk. 
– Eg byrja i 1984. Verksmeister Johnny Ripe og teknisk leiar Per Atle Hallerud i 1977, og mekanikar Andre Hamn i 1994. Jorunn har vore her i to bolkar, den siste frå 1992 av.
– Det er mykje folk som har vore her ”heile sitt liv”, smiler ho. – Vi mista litt mekanikarar då oljebransjen var på sitt heitaste. Då handplukka vi mekanikarar i Litauen: Giedrius Padleckis og Audrius Lukosevicius, som har vore her sidan 2007. Sidan har vi tilsett to mekanikarar til derifrå. Dei er dyktige og viktige tilsette. Stabiliteten i arbeidstokken gjev breidde og ein unik ekspertise på produkta.

Stabilt sal og nye satsingar

Etterkvart satsa dei og meir og meir på nyttekøyretøy: Varebilar, bussar og lastebilar.
– Siste åra har vi seld 50-60 bilar i året, fordelt på buss, varebil, lastebil og personbilar med hovudtyngda på nyttekøyretøy. Og mykje av det er ”skreddarsaum”, seier Per.
– Før selde vi meir personbil, men Fiat er ikkje er eit stort merke i Norge. Iveco har det beste utvalet av nyttekøyretøy, så på vare- og lastebilar leverer vi alt folk måtte ønske, og det er dette feltet vi likar best å drive med. Og på begge felt har vi satsa på italiensk lidenskap, smiler Jorunn. – Italienarar er noko for seg sjølv: Fyrige, eldfulle og lidenskaplege.

Bubilar har AS Autoservice ”alltid” reparert. No byrjar dei også å selje dei.

– Vi har konsentrert oss om reparasjon og service. Eit sterkt aukande felt. Eksplosjonen kom i 2006, med den nye modellen til Fiat Ducato. Vi tek inn bubilar av alle typar og merke, men hovudtyngda er bygd på Fiat-chassis. Dette er ein stor, viktig del av verkstaddrifta, seier Jorunn.
– No byrjar vi å selje Pössl bybubilar, innreia varebilar av merket Fiat Ducato. Vi har fått inn kompetanse på dette, i form av Bjarte Sunde, og valte å satse, seier Per.

– Dette er bybubilar, 3,5 tonns bilar, som alle med sertifikat kan køyre. Dei høver ypparleg på vestlandsvegar, slår Jorunn fast.
Mykje har endra seg på 50 år. Men noko har alltid har vore likt: AS Autoservice er særs gode på det dei driv med.
– Vi vart kåra til årets forhandlar av Iveco i 1990. Nyleg fekk vi prisen for 2015 også! I vår vesle verd er dette noko av det likaste du kan oppnå, fortel Per.
– Det er utruleg stort for oss no, og det var utruleg stort for bedrifta i 1990 også, avsluttar Jorunn.