Norges eldste Fiat-forhandlar

Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966.
Viste du at 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato?
Vi er også medlem i Automester kjeda.

For din bubil kan vi tilby

  • Service og reperasjonar
  • Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.)
  • Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling
  • Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis
  • Service/fylling på AC-anlegg
  • Ettermontering av cruise control og ryggekamera

Pössl bybubilar

Frå 1. februar 2016 er vi forhandlar av Pössl sine “bybobiler”.
Vi vil om kort tid få bilar tilgjengelege dersom du ynskjer å prøvekøyre eller synfare desse. Ta gjerne kontakt med vår bubilspesialist Bjarte Sunde for ein bubilprat.

Du kan sjå oversikt over forskjellige modellar på Pössl.no.

Medan du ventar

Har du bilen på service? Medan du ventar kan vi anbefale ein tur på Mostien, ein natur og kultursti på Sunnfjord Museum som ligg i enden av Movatnet.

Mostien slyngjer seg rundt i området frå Movika til Huldefossen på Mo. Langs stien kjem du til ulike postar der det blir formidla kunnskap om natur, jordbruk, skogbruk og historie sett frå ein lokal ståstad.

E39 er sterkt trafikkert, så ta kontakt med oss i skranken, så hjelp vi deg med skyss inn.
Les meir her: www.sunnfjord.museum.no

“Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis.”
Vg.no, 25.07.07
“Et hyggelig friluftmuseum med interessante temautstillinger.”
Vg.no, 01.07.12

Foto: NRK