Forhandlar av Iveco og Fiat

Om bedrifta

Vi held til like ved E39 i Kusslid, 7 km. frå Førde sentrum mot Nordfjord. Staben består av 9 personar med lang erfaring innan sitt fagområde. 6 personar på verkstad, 1 person på delelager og 2 personar på sal og administrasjon. I tillegg har vi ein lærling på tunge køyretøy.

Nøkkelområde

Autoservice vart etablert i 1966 og er merkeforhandlar for Fiat og Iveco. På verkstaden utfører vi service og mekaniske reparasjonar, fabrikkoppdateringar, fartsskrivarkontroll og køyretøykontroll på alle vektklassar.
På salssida fokuserer vi mest på vare og lastebilar. Her har vi det beste utvalet og har i ei årrekkje vore marknadsleiande i klassen 3,5 til 7,5 tonn.

Bubil spesialist

Mange bubileigarar har funne vegen til oss, og vi har fornøgde verkstadkundar frå fjern og nær.
Vi er medlem i Meca-kjeda og tilbyr reparasjonar på alle merker.